Mindreårig gut på sykkel i trafikkulykke

Artikkelen er over 2 år gammel

LEIKANGER: Sendt til sjukehus.

DEL

Kl. 09.04 i dag oppstod det ei trafikkulykke mellom ein mindreårig gut og ein bil i Leikanger i Sogn, det melder operasjonssentralen ved Vest politidistrikt.

Operasjonsleiar Trond Hatlenes seier at guten er sendt til Førde sentralsjukehus for undersøking av eit mogleg beinbrot.

– Det er framleis uavklart kva grunnen til ulykka var, men vi trur ikkje det var feil frå bilføraren si side, seier han.

Artikkeltags