Rask opprydding – i dag blir tunnelen opna igjen

TUNNELEN: Slik såg Fjærlandstunnelen ut etter brannen.

TUNNELEN: Slik såg Fjærlandstunnelen ut etter brannen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

RV 5: Det blir fri ferdsel i Fjærlandstunnelen frå klokka 14 søndag.

DEL

Reparasjonane og oppryddingsarbeidet etter brannen i Fjærlandstunnelen har gått raskare enn vegvesenet først rekna med. Frå klokka 14 i ettermiddag kan trafikken igjen gå fritt på tunnelsambandet mellom Sunnfjord og Sogn, og det vil ikkje vere behov for kolonnekøyring, melder Statens vegvesen.

Laurdag kveld stod det att noko mindre arbeid og vask av tunnelen. Dette arbeidet har gått føre seg natt til søndag og søndag føremiddag.

Nattferjene som har vore annonserte på Hella–Dragsvik går ut natt til måndag, opplyser vegvesenet.

– Arbeidet har gått raskare enn vi hadde venta, skriv avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i ein epost.

Berga av røykdykkarar

Tretten personar måtte til sjukehus etter å ha blitt berga under dramatiske omstende, då det seint på kvelden 2. påskedag tok til å brenne i ein feiebil inne i Fjærlandstunnelen. Dei tretten hadde alle fått lettare skadar etter å ha pusta inn røyk.

Brannen oppstod på Jølster-sida i tunnelen, om lag ein kilometer innanfor tunnelopninga. Naudetatane sette i verk full utrykking til staden, og politiet omtala ei tid situasjonen som uoversiktleg. Ei kolonne på seks bilar var på veg inn i den 6,3 kilometer lange tunnelen då brannen oppstod.

Martine Vindheim, ei av dei som var i tunnelen då feiebilen tok fyr, fortalde seinare til Firda om dramatikken då ho og dei andre vart berga ut.

– Vi hadde ikkje peiling på kor vi skulle gå. Vi såg ingenting, fortalde Vindheim, etter at ho er utskriven frå sjukehuset.

Nære på

Også røykdykkarar som deltok i bergingsarbeidet har fortalt om ein tunnelbrann der det lett kunne ha gått liv.

– Undervegs stoppa vi og vurderte å gå ut, men plutseleg såg vi eit svakt lysglimt. Det var to personar som prøvde å komme seg ut, ein ung mann og ei ung dame. Dei hadde berre eit lite lys, kanskje frå ein mobiltelefon, og hadde truleg gått litt fram og tilbake. Dei såg oss ikkje før vi berre var eit par meter frå kvarandre. Vi leidde dei straks ut. Kvinna var svært medtatt og måtte støttast ut, fortel Torbjørn Ripe, som var med i redningsarbeidet.

Artikkeltags