Førarlaus bil trilla av garde, heldt på å meie ned syklist

Her enda ferda til den førarlause bilen.

Her enda ferda til den førarlause bilen. Foto:

– Ein syklist fekk kasta seg unna, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund til Firda.

DEL

I Slåttebakkane i Førde byrja ein bil utan folk i å trille. Det fekk politiet opplyst like før klokka 17.30.

– Vi blei ringt av ein som såg det heile. Han fortalde at bilen stod heilt i ro, så byrja den å trille. Det er materielle skader på eit garasjetak og ein annan bil, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt til Firda.

Men det kunne gått verre.

– Det var ein syklist som fekk kasta seg unna, så han unngjekk å bli treft av bilen, seier Hellesund.

Politiet har vore på staden, og bilbergar har henta bilen.

Artikkeltags