Bil køyrde av vegen – store materielle skader

Ein bil har køyrt av vegen i Eid, det er store skader på køyretøyet, melder politiet.

DEL

Ein bil køyrde av vegen i Naustdalsvegen i Eid kommune måndag kveld, det fekk politiet melding om klokka 21.50.

– Brannvesenet var framme på staden like før klokka 22, då melde dei at det var store materielle skader på køyretøyet, seier operasjonsleiar Helge Blindheim i Vest polidistrikt til Firda.

Han opplyser at dei har fått vite at føraren kom seg ut av bilen sjølv.

– Det har skjedd i 80-sona, men politiet er ikkje framme på staden enno. Det skal vere bildeler i vegen, så vegvesenet vert varsla, seier Blindheim.

Rundt halv elleve vart føraren send til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.

Politiet har tatt mellombels beslag i førarkortet medan saka blir etterforska. Det skal ikkje vere mistanke om rus.

Artikkeltags