Åtte vitne har meldt seg etter dødsulykke. Politiet vil gjerne komme i kontakt med føraren av denne bilen

VIL SNAKKE MED FØRAREN: Politiet har publisert dette bildet av ein kvit Tesla modell 3, som køyrde forbi ulykkesstaden i Flåm eitt minutt før ulykka skjedde. Dei er interesserte i å snakke med bilføraren for å få vitneobservasjonen hans.

VIL SNAKKE MED FØRAREN: Politiet har publisert dette bildet av ein kvit Tesla modell 3, som køyrde forbi ulykkesstaden i Flåm eitt minutt før ulykka skjedde. Dei er interesserte i å snakke med bilføraren for å få vitneobservasjonen hans. Foto:

Politiet vil gjerne komme i kontakt føraren av ein kvit Tesla modell 3, som eitt minutt før ulykka passerte i retning Flåm.

DEL

Ei kvinne i 50-åra omkom i ulykka, som skjedde like over klokka halv sju fredag 1. november.

–Bildet er teke frå eit dashcam, og er ikkje tydeleg nok til at vi kan lese av registreringsnummeret. Men vi håpar den som køyrde bilen kjenner seg igjen og tek kontakt, seier tenestestadsleiar for politiet i Aurland, Knut Arne Klingenberg.

Han seier politiet ikkje trur bilen har noko med ulykka å gjere, men at bilføraren kan sitte på informasjon som er viktig for politiet.

Det var NRK Sogn og Fjordane som først skreiv om saka.

Åtte har vitne har meldt seg

Måndag etterlyste politiet vitne til ulykka.

– Åtte har meldt seg på det telefonnummeret vi gav opp då vi gjekk ut og bad om tips. Vi er no i ferd med å ringe desse tilbake for å avtale avhøyr, seier Klingenberg.

Før etterforskinga er ferdig ønsker ikkje Klingenberg å uttale seg om noko om vitna eller årsaka. Vitna kan vere både augevitne til ulykka eller andre som gjekk eller køyrde på strekninga den kvelden ulykka skjedde.

Kjenner ikkje årsaka

– Er de i politiet begynt å danne dykk eit bilde av kva som har skjedd?

– Det er det vi jobbar med no.

– Har vitne komme med opplysningar som hjelper dykk vidare i etterforskinga?

– Det kan eg ikkje seie noko om no. Vi er ikkje ferdige med etterforskinga, seier Klingenberg.


Artikkeltags