MC køyrde utfor vegen på Strynefjellet – alvorleg skadd

Skal ha mista kontrollen under forbikøyring.

DEL

Ein MC-førar har køyrd utfor vegen på riksveg 15 over Strynefjellet, melder politiet i Innlandet klokka 17.58.

Naudetatane er på staden. MC-sjåføren skal ha mista kontrollen medan den køyrde forbi eit vogntog og hamna utfor vegen. Føraren er alvorleg skadd og blir tatt hand om av helsepersonale, skriv politiet.

Føraren blir flydd til St. Olavs Hospital med luftambulanse. Vegen er delvis opna og berging av motorsykkel er bestilt, skriv politiet klokka 18.56.

Artikkeltags