Fleire alvorleg skadd i trafikkulykke på Strynefjellet

To bilar har frontkollidert på riksveg 15 over Strynefjellet. Til saman skal åtte personar vere skadd.

DEL

– Det har vore ein frontkollisjon. Åtte personar er skada, seier oppdragsleiar Stig Kolstad til VG.

– Tre personar har status som alvorleg skadde. Det er usikkert med skadegraden til dei andre, men det er snakk om ei høghastigheitsulykke, seier operasjonsleiar Kjartan Waage i Innlandet politidistrikt til Firda.

Store styrker frå naudetatane rykte ut.

Det vart sendt politi både frå Vest politidistrikt, Møre og Romsdal og Innlandet politidistrikt, opplyser politiet.

– Det vart også sendt fleire luftambulansar, seier Waage.

I kveld opplyste Politiet i Innlandet at tre personar vart flogne til sjukehus i Førde, Ålesund og Trondheim.

To av desse skal vere kritisk skadde, skriv VG. Det skal vere ei kvinne i 20-åra og ei kvinne i 50-åra.

Fem personar vart køyrde til sjukehus i Førde, Ålesund og Lillehammer med ambulanse.

Riksveg 15 var lenge stengd i området.

– Det blir truleg stengt ei god stund framover. Vi har varsla ulykkesgruppa om at vi ønskjer dei på staden, seier Waage til Firda like etter klokka 18.00.

Like før klokka 20.00 opplyste politiet at dei no har starta manuell dirigering på staden, og klokka 20.40 var vegen opna for fri ferdsel.

Politiet fekk melding om ulykka like etter klokka 17.00.


Artikkeltags