Vogntog sklei og kolliderte på rv 5 i Sogndal – vegen er no opna

Bilbergar hadde fjerna vogntoget klokka 16.30.

DEL

Vegtrafikksentralen vest melde laurdag at rv. 5 mellom Sogndal og Tylde Bru var mellombels stengt.

Årsaka er at eit vogntog måtte bergast på vegen. Det vart då meldt at det var usikkert kor lang tid bergingsarbeidet ville ta.

Trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen Vest, Marianne Hove, fortel til Firda at vogntoget vart fjerna klokka 16.30.

Vegen er no opna for fri ferdsel.

– Etter det eg har fått fortalt så var det glatt vegbane i området. Vogntoget hadde sklidd over i motsatt vegbane og treft autovernet, seier Hove.

Artikkeltags