Personbil og sykkel med to rusa personar kolliderte

To personar er sendt til lokal legevakt etter at ein sykkel og ein bil kolliderte onsdag kveld.

DEL

Vest politidistrikt melde onsdag kveld om ei trafikkulykke i Dalavegen i Sogndal.

Naudetatane vart sendt til staden, og det vart meldt at ein sykkel med to personar på hadde krasja med ein bil. Årsaka til kollisjonen var då ikkje kjent.

To personar vart frakta i ambulanse til lokalt legekontor, og politiet melde om kuttskadar og smerter i ein fot.

Politiet kan seinare opplyse om at dei to personane på sykkelen var rusa, og begge vil bli tekne blodprøve av.

Føraren av bilen er er uskadd, og det er ikkje mistanke om at bilføraren har vore ruspåverka.

Politiet har no avslutta på staden, og det vil bli oppretta sak på forholdet.

Artikkeltags