Utforkøyring på riksveg 55. Bilen har gått rundt og ligg på taket

DEL

Politiet melder at dei rykker ut til ei trafikkulykke å riksveg 55 mellom Balestrand og Sogndal. Ein bil har køyrt av vegen og hamna på taket. Ulykka har skjedd mellom Neset og Verken.

Det er ein person i bilen. Skadeomfanget er ikkje kjent, men personen skal ikkje vere fastklemt, og er heller ikkje bevisstlaus.

Klokka 20.15 melder Statens vegvesen at bilen er fjerna, og at det er fri ferdsel på saden, men ber folk som køyrer forbi Grinde vere merksame på oljesøl.


Artikkeltags