Bil har køyrt i fjellvegg på riksveg 52. Ein person i sjokk

Naudetatane er på veg.

DEL

Politiet opplyser at ein bil har køyrt i ein fjellvegg/snøfonn i Mørkedalen i Lærdal. Dei fekk melding om ulykka klokka 19.49.

Ulykka har skjedd i Mørkedalen like ovanfor Borlaug. Det er berre ein bil involvert, og det er ukjent kor mange som var i bilen.

Ein person er opplyst å vere i sjokk etter ulykka.

– Airbag er utløyst, og det er meldt om ein del materielle skader på bilen. Meit veit vi ikkje no. Naudetatane er på veg til staden, melder politiet.

Då naudetatane kom til staden vart det klart at det berre var ein person i bilen, ein mann i 40-åra. Utover sjokket skal mannen ha komme frå ulykka utan skader. Ambulansen har likevel teke han med til ein legesjekk.

Politiet mistenkjer ikkje rus av noko slag, og har ikkje beslaglagt førarkortet til mannen. Dei opprettar likevel sak på hendinga.

Det er passering for trafikken på staden. Bilbergar er på veg for å hente bilen, og entreprenør er på veg for å strø i omårdet, slik at ikkje fleire ulykker skal skje.


Artikkeltags