Bil køyrde i autovernet på E39 nær Ålhus

Køyrefeltet er opna igjen og bilen er teke vekk frå staden.

DEL

Det var laurdag ettermiddag redusert framkomst på E39 mellom Ålhus og Årdalbakken i Jølster.

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melde klokka 16.29 om eit trafikkuhell der eitt køyretøy var involvert.

Det skal ikkje vere alvorlege personskader.

Vegtrafikksentralen Vest melde at eitt felt var stengt. Bjarte Rebnord ved operasjonssentalen fortel at bilen no er rydda vekk og vegen er open for fri ferdsel.

Køyrde i autovernet

Etter opplysningar han har fått frå patruljen på staden er det klart at det berre var ein person i bilen som kolliderte.

– For politiet framstår det som at føraren var uskadd. Han var sjekka av ambulansepersonell på staden, og framstod oppegåande og bevisst, seier Rebnord.

Ettersom ulykka skjedde i ei 80-sone vart føraren likevel rutinemessig sendt til legevakt for sjekk.


Artikkeltags