Mann i 30-åra køyrde inn i fjellvegg i Nordfjord – sendt til legesjekk

Vegen er no opna att etter stenging, og bilbergar har fjerna bilen.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder torsdag om ei trafikkulykke ved Navelsaker nær Hornindal i Nordfjord. Ulykka skal ha skjedd på fv. 5744.

Ein bil har køyrt inn i fjellveggen. Vegen er stengt og det er ikkje mogleg å passere på staden, melder politiet.

Føraren var åleine i bilen og varsla sjølv om ulykka.

Like over klokka 18 fortel operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt at politipatruljen og ambulansen er ferdig på staden.

– Patruljen melder at det har gått greitt. Bilbergar har fjerna bilen, og vegen er opna. Føraren er tilsett av helsepersonell og verkar uskadd, men blir sendt til legesjekk for sikkerheits skuld, seier Dahl-Michelsen.

Han fortel at føraren var ein mann i 30-åra. Vurderinga om å sende han til lege vart gjort etter at airbagen løyste seg ut i kollisjonen.

Mannen har forklart til politiet at han køyrde på ein stein, og deretter mista kontrollen over bilen, slik at han trefte fjellveggen.

Artikkeltags