Lastebilsjåfør sendt til sjukehus med luftambulanse etter ulykke

Skadeomfanget er ikkje kjent.

DEL

Vest politidistrikt melder at ein lastebil har køyrt av vegen i Nordfjord. Ulykka har skjedd ved Marusetvegen i Hornindal. Politiet fekk melding om ulykka klokka 10.06.

Det er berre ein person i lastebilen. Sjåføren er ikkje fastklemt. Han er vaken, men skal ifølge meldingane politiet har fått vere skadd.

Lastebilen er ikkje lasta med farleg gods.

Like før klokka 12 melder politiet at føraren av lastebilen, ein mann i 40-åra, er frakta til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.

Skadeomfanget er ikkje kjent, men politiet melder at han var bevisst og oppegåande.

Ulykka har skjedd på ein kommunal sideveg, og vegen er stengd fram til lastebilen er fjerna.

Politiet opprettar sak etter ulykka.

Artikkeltags