Bil køyrde i fjellveggen på E39 i Nordfjord

Alle naudetatane rykte ut til Breisvortunnelen.

DEL

Ulykka vart meldt klokka 13.55 tysdag ettermiddag.

Ein bil med to personar kolliderte ca. midt i tunnelen, men ingen skal ha kome til skade, opplyser politiet.

– Det skal ha vore litt problem med å få ut den eine personen fordi eine døra hadde så store skadar, men vedkommande var aldri fastklemd, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord.

Det er ikkje mistanke om promille, opplyser politiet.

– Ein person skal ha fått eit kutt i ansiktet, men vart sjekka av helsepersonell på staden. Etter det vi har fått beskjed trong ingen vidare helsehjelp etter dette, seier Rebnord.

Vegen vart stengd grunna ulukka, men var open for fri ferdsel igjen klokka 15.21.

Artikkeltags