Bil i fjellveggen i Nordfjord – store materielle skader

Ein person vart frakta vekk med ambulanse, og får inndrege førarkortet.

DEL

Naudetatane rykka til Holmøyane på E39 i Nordfjord, etter at ein bil hadde køyrt i fjellveggen.

Det var store materielle skader på staden, men føraren kom seg ut av bilen for eiga hjelp.

– Bilen vart totalvraka, og føraren vart teken med i ambulanse. Vedkommande var oppegåande då naudetatane kom fra, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt.

Det var ein mann i 60-åra som køyrde bilen då ulykka skjedde.

– Det er venta at han vert fråteken førarkortet. Det var berre ein bil involvert i ulykka, som skjedde på ei rett strekning, seier Halleraker.

Artikkeltags