Bil har køyrt av vegen nord for Naustdalstunnelen

UTFORKØYRING: Ein bil med to personar køyrde av vegen på rv. 5 torsdag kveld.

UTFORKØYRING: Ein bil med to personar køyrde av vegen på rv. 5 torsdag kveld. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NAUSTDAL: Det er ikkje meldt om personskade.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder like over klokka 20.00 om at ein bil har køyrt av vegen på rv. 5.

Utforkøyringa skal ha skjedd på nordsida av Naustdalstunnelen.

Det er ikkje meldt om personskade, melder politiet.

To personar var i bilen som køyrde av vegen, melder AMK ved Helse Førde.

Det var lange køar på staden ifølgje ein innringar til Firda, men bilen skal no vere henta av bilbergar, og det er normal ferdsel på vegen.

Ulykka skal ha skjedd like ved Svarthumle.

Artikkeltags