To personar i trafikkulukke på Sognefjellet

Bilen dei sat i køyrde utfor vegen og hamna på taket.

DEL

Begge skal ha kome seg ut av bilen, melde Vest politidistrikt litt før klokka 19.00.

Ulukka har skjedd på fv. 55 på Sognefjellet. Naudetatane rykte ut til staden.

Klokka 20.20 opplyser politiet at førar og passasjer, begge menn i 40-åra, blir frakta til Førde sentralsjukehus.

– Førar har forklart at årsaka til ulukka skal ha vore fordi han var uoppmerksam.

Artikkeltags