Fem personar i kollisjon i Luster

DEL

To bilar har kolliderte måndag kveld på fv. 55 ved Sandvik Camp i Luster.

– Det er totalt fem personar som er involverte i ulykka. Alle framstår som oppegåande og tilsynelatande uskadde.

Det fortalde operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt klokka 20.15.

Det er 70-sone på staden, og dei involverte er køyrde til legevakt for sjekk. Vegen vart stengd på grunn av ulykka, men opna igjen like før klokka 21.00.

Klokka 21.30 melder politiet at ein av sjåførane skal ha brote vikeplikta. Førarkortet er difor kverrsett inntil vidare.


Artikkeltags