Trafikkulykke i Lærdal

DEL

Ein bil har køyrt av vegen på riksveg fem i Lærdal.

Føraren skal vere vaken og medviten, men det er rapportert om ryggsmerter.

Politiet fekk meldinga klokka halv sju tysdag morgon og naudetatane er på veg til staden.

06.53 melder politiet at ambulansen er framme på staden og varetar bilføraren. Vedkommande blir køyrd til lokal legevakt.

Brannvesenet er også på staden og dirigerer trafikken manuelt.

Artikkeltags