Stengde Gudvangatunnelen etter at utanlandsk bilførar køyrde inn i vogntog bakfrå

Ifølgje Vest politidistrikt var ein bil og eit vogntog involvert i eit trafikkuhell like utanfor tunnelen på Gudvangen-sida.

DEL

Statens vegvesen stengde i ettermiddag Gudvangatunnelen på E16 etter melding om ei trafikkuhell. Alarmsentralen opplyser at uhellet har skjedd på utsida av tunnelen.

– Situasjonen er ikkje avklart, men alle involverte skal ha komme seg ut av køyretøya, sa vaktleiar Oddbjørn Aune ved alarmsentralen om lag klokka 17:50.

Statens vegvesen opplyste klokka 17.46 at tunnelen er stengt.

Politiet sende ein patrulje frå Voss til ulykkesstaden.

– Det var ein utanlandsk bilførar som køyrde køyrt i hengaren på eit vogntog bakfrå, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

Ho fortel at dei så langt ikkje har fått melding om at nokon skal vere alvorleg skada.

– Det er 80-sone på staden, og det skal ha vore to born i bilen, seier Knappen.

Sidan føraren av personbilen var utanlandsk skal språkproblem ifølgje Knappen ha gjort det vanskeleg for politiet å danne seg eit fullstendig bilete over kva som skjedde og kvifor.

Ingen skal ha blitt skadde i samanstøyten. Vegen og tunnelen er no opna att for fri ferdsle.

Artikkeltags