Bil snurra ved avkøyring og køyrde av vegen

Mann (18) blir undersøkt av ambulansepersonell, etter å ha fått kutt i ein arm.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder tysdag om ei trafikkulykke på rv. 615 Sørstrandvegen på Sandane.

Ein bil har snurra rundt ved avkøyringa ved Sandsvege, og bilen hamna utfor vegen.

Ein mann (18) var førar av bilen, og det var ingen andre i bilen då ulykka skjedde.

Politiet melder at airbagen ikkje vart utløyst etter utforkøyringa, men at bilen er utanfor vegen.

Føraren blir tilsett av ambulansepersonell. Det blir meldt at han skal ha fått kutt i ein arm.

Artikkeltags