Bil har køyrt av vegen og ned ein skråning i Gaular

ULYKKE: Ein bil har køyrt utfor vegen ved Byrkjeland i Gaular kommune. Bilbergar er på staden for å fjerne bilen.

ULYKKE: Ein bil har køyrt utfor vegen ved Byrkjeland i Gaular kommune. Bilbergar er på staden for å fjerne bilen. Foto:

Naudetatar er på veg.

DEL

Klokka 08.57 meldte politiet om ei trafikkulykke på E39 ved Birkeland i Gaular kommune.

Det er ein bil som skal ha køyrt ut av vegen og ned ein skråning. Det skal vere ein person involvert og vedkommande skal ha komme seg ut av bilen.

Per Algrøy, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, fortel at bilen har treft nokre tre, men at føraren skal vere uskadd.

– Føraren skal ha slått hovudet sitt i biltaket, men seier sjølv at han verkar uskadd, seier Algrøy.

Trafikken går som normalt på staden, men føraren gjer oppmerksam på glatte vegar.

Naudetatane er på veg.


Artikkeltags