Fem skadde i frontkollisjon på riksveg 5

FRONT MOT FRONT: Fem personar er skadde etter ulykka på riksveg 5 i Erdalen. Då Firda var på staden var personbilen dekka til med presenning etter ulykka.

FRONT MOT FRONT: Fem personar er skadde etter ulykka på riksveg 5 i Erdalen. Då Firda var på staden var personbilen dekka til med presenning etter ulykka. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Fleire vart hardt skadde, og nokre kritisk skadde då to bilar kolliderte på riksveg fem mellom Førde og Florø tysdag.

DEL

SISTE: Mann (24) er overført til Haukeland universitetssjukehus. Dei tre andre som vart frakta til Førde sentralsjukehus er lettare skadde, melder Helse Førde.

To bilar kolliderte front mot front på riksveg 5 i Erdalen i Førde tysdag morgon.

– Fleire av dei er hardt skadde. To er kritisk skadde, sa Gunnar Englund, innsatsleiar i politiet, til Firda på staden.

Det var fem personar involverte i ulykka. Ifølge politiet sat ein person i personbilen som kom i retning Førde, og fire i varebilen som var på veg i retning Naustdal. Politiet melde på Twitter at ein person blei sitjande fastklemd etter kollisjonen.

Klokka 08.40 melde Helse Førde AMK at ein mann i slutten av tenåra vart sendt til St. Olavs Hospital i Trondheim med Sea King-helikopter, og at fire menn, der ein er i slutten av tenåra, ein er i 20-åra og to rundt 50-60, er frakta til Førde sentralsjukehus med ambulanse.

Politiet kan ikkje seie noko om årsaka til ulykka som skjedde i ei 70-sone.

Kriminalteknikar på staden

Tysdag føremiddag jobba politiet med vitneavhøyr. Kriminalteknikar frå politiet jobba på staden saman med Statens vegvesen sin ulykkeskommisjon. Dei var på staden rundt klokka 09.30.

Redningsmannskap var på staden klokka 06.27.

Saka held fram under bildet.

ERDALEN: Ulykka skjedde på riksveg 5, mellom husa i Erdalen og avkøyrsla til Hesjedalen.

ERDALEN: Ulykka skjedde på riksveg 5, mellom husa i Erdalen og avkøyrsla til Hesjedalen. Foto:

Manuell dirigering

Grunna ulykka var riksveg 5 stengd i morgontimane. Klokka 07.30 vart vegen opna for manuell dirigering.

– Det blir manuell dirigering til etter at vegvesenet er ferdige på staden, opplyser Englund.

Klokka 10.40 melde politiet at mannskapa deira og undersøkingskommisjonen til Statens vegvesen hadde gjort ferdig sitt arbeid på staden, og at ein venta på bilberging som skal fjerne bilane som kolliderte.

To timar seinare var bilane fjerna.

– Bilane er fjerna. Brannvernet spyler og ryddar vegbana, og vi åtvarar mot at det kan vere glatt på staden, melde politiet klokka 12.40.

Rosar trafikantane som kom til

Gunnar Englund, innsatsleiar i politiet, rosar innsatsen frå trafikantane som kom først til ulykkesstaden.

– Det blei gitt førstehjelp til dei skadde. Å sikre frie luftvegar reddar liv. Innsatspersonalet fekk veldig god hjelp på staden i behandlinga, og for å ta vare på alle dei fem skadde, frå trafikantane som kom til. Spesielt helse fekk god bistand, seier Englund.

Fleire av trafikantane hjelpte til med å rydde unna køen som oppstod rundt skadestaden.

– På oppfordring frå innsatspersonalet rydda dei, slik at dei som kom til staden fekk gode arbeidsforhold, seier Englund.

DIRIGERING: Statens vegvesen sin ulykkeskommisjon er venta på staden klokka 09.30.

DIRIGERING: Statens vegvesen sin ulykkeskommisjon er venta på staden klokka 09.30. Foto:

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags