E39: Svinga unna hjort og krasja i autovernet

For å unngå å køyre på ein hjort krasja den unge bilførarten med autovernet på E39.

DEL

Politiet fekk melding om hendinga klokka kvart på eitt natt til søndag.

Uhellet skjedde ved Movatnet ei knapp mil aust for Førde sentrum, i retning Jølster.

Tok med kompisen til lege

– Bilen hadde ikkje stor fart, kring 60 kilometer i timen. Ein kamerat som køyrde i bilen bak tok med seg føraren til legevakta. Litt seinare fekk vi melding om at det ikkje var personskade, opplyser operasjonsleiar Hans-Eirik Thue i Vest politidistrikt og refererer til loggen som ein kollega på nattevakt har skrive.

Bilføraren berga hjorten, men bil og autovern fekk store skadar. Mannen er kring 20 år gammal, opplyser politiet.


Artikkeltags