Mann i 50-åra køyrde inn i hengar – politiet mistenker ruskøyring

Det skal ikkje vere personskade, melder politiet.

DEL

Ein mann i 50-åra er mistenkt for å ha køyrt i ruspåverka tilstand, etter at det vart meldt at ein bil hadde køyrt inn i ein hengar ved Stavang i Flora kommune.

Politiet melde om hendinga klokka 20.03. Påkøyrsla skal ha skjedd klokka 19.00.

Det skal ikkje vere personskade, ifølge politiet, som informerer om at føraren vert teken blodprøve av.

Artikkeltags