Mann i slutten av tenåra køyrde i autovernet og av vegen

Politiet mistenker ruskøyring.

DEL

Klokka 00.36 natt til søndag fekk politiet melding om ein bil som hadde køyrt i autovernet og ut av vegen på Fjærlandsvegen.

Ulykka skjedde like ved krysset til Avsølevegen av riksveg 5.

Førar av bilen var ein mann i slutten av tenåra, og det var ingen andre i bilen. Politiet melder vidare at det er skader på både bilen og autovernet. Alle naudetatar vart sendt til staden, og det vart meldt at bortsett frå sjokket av hendinga, så var førar uskadd.

Entreprenør vart varsla og bilbergar vart rekvirert.

Bilføraren vart etter mistanke om køyring i rusa tilstand sendt til legevakt for blodprøvetaking. Politiet har teke lappen hans, og det vert oppretta sak på forholdet.

Artikkeltags