Bil og lastebil har krasja på fylkesveg 57

SKADER: Slik såg den eine bilen ut etter samanstøyten.

SKADER: Slik såg den eine bilen ut etter samanstøyten. Foto:

– Det har vore ei møteulykke der det ser ut som det vart for trongt i svingen. Bilen trefte tilhengaren på lastebilen så hardt at dekket punkterte, seier politi på staden, Andrine Njøsen Helgås.

DEL

Vest politidistrikt melde måndag ettermiddag at ein bil og lastebil hadde vore involvert i ei møteulykke i Fjaler. Ulykka skjedde ved Holmelid mellom Dale og Bygstad.

Det er 80-sone på staden.

To personar var involvert i ulykka og politiet melde at begge var bevisst etter hendinga. Føraren av personbilen vart køyrt i ambulanse til Førde sentralsjukehus for ein sjekk.

– Bilføraren har mest truleg fått mindre skadar i ulykka, seier Njøsen Helgås.

Lastebilsjåføren er uskadd. Det var ikkje farleg gods på lastebilen.

Materielle skadar

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt seier at personbilen hadde skadar på ei dør, slik at det ikkje var mogeleg å kome seg ut på eiga hand. Hjelpemannskap på staden fekk brote opp døra, slik at sjåføren kom seg ut.

Artikkeltags