Lastebil og personbil i trafikkulykke

KOLLISJON: Personbilen måtte hantast av bilbergar etter ulykka på rv.5.

KOLLISJON: Personbilen måtte hantast av bilbergar etter ulykka på rv.5. Foto:

Naudetatane er på plass ved Svarthumle på rv. 5 nær Eikefjord. Ein person er sendt i ambulanse for sjekk.

DEL

Ein lastebil og ein personbil der involvert i ei trafikkulykke ved Svarthumle på rv. 5 søndag ettermiddag. Det melder Operasjonssentralen i Vest politidistrikt klokka 14.55.

Det er ikkje informert om personskade.

Like over klokka 15.30 fortel operasjonsleiar Dan Erik Johannesen at politi, brann og helse er på staden.

– Begge dei involverte bilane er ute av vegbana og trafikken flyt greitt forbi, seier han.

Bilane har plassert seg sjølv utanfor vegbana for å skape passasje. Eksakt kor store materielle skader det er på bilane, veit ikkje operasjonsleiaren.

– Men vi har fått beskjed om at personbilen vil trenge bilbergar, seier Johannesen.

Kva som er årsaka til ulykka, eller køyreforholda på staden er ikkje Johannesen kjent med enno.

– Patruljen vår driv no og pratar med vitne på staden, seier han.

Klokka 15.40 kjem politiet med ny informasjon.

Tre personar er involverte, og ein av desse er teken med i ambulanse for sjekk.

Artikkeltags