Bergingsbil som dreiv med bilberging vart påkøyrd – måtte sende ny

Politet melder om svært glatt vegbane i området.

DEL

Fredag kveld klokka 20.00 melder politiet om ei trafikkulykke ved Bortnetunnelen på fv. 616 i Bremanger.

Det vart først meldt at ein personbil har køyrt inn i ein stilleståande lastebil på staden, men politiet opplyser seinare at ein personbil har kollidert med ein bergingsbil som dreiv bilberging. Det måtte difor naturleg nok bestillast ein ny bergingsbil til denne ulykka.

Politiet melder om svært glatt vegbane på staden.

Det var to personar i bilen, og desse er uskadde, melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt. Naudetatane er sendt til ulykkesstaden, og ambulanse er no på plass.

Vegen vart stengt etter ulykka, men vart opna att klokka 22.10.

Artikkeltags