Eit vogntog og ein personbil har kollidert i Sogndalsdalen, like før Frudalstunnelen på Sogndal-sida. Det melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt like over klokka 14 onsdag.
Kollisjonen skal ha skjedd når personbilen skulle køyre forbi eit anna vogntog som stod fast på staden.
Mindre skader
Politiet har ein patrulje på staden, og det blir rapportert at det er mindre skader på begge dei involverte køyretøya.
Det er ikkje meldt om personskadar, og det er ikkje behov for andre naudetatar eller bergingsbil, melder politiet.
Ingen kø på staden
Begge bilane var køyrbare etter ulykka, og trafikken går greitt på staden.