Isglatt på vegane i morgontimane. Køyr forsiktig

GLATT I SENTRUM: Jan Ove Hafstad strør framfor inngangen til eit forretningsbygg i Førde sentrum. Han fortel at det er glatt mange stader.

GLATT I SENTRUM: Jan Ove Hafstad strør framfor inngangen til eit forretningsbygg i Førde sentrum. Han fortel at det er glatt mange stader. Foto:

Ver OBS. Det er is og glatt på vegane i morgontimane onsdag.

DEL

Vegsentralen på Vestlandet har sendt ut denne meldinga onsdag morgon:

Sogn og Fjordane har vekslende vær, alle entreprenører er ute og salter og strør. Vær OBS! det er glatte veger, tilpass farten etter forholdene.

Sklei av vegen. Førar noko forslått

På Laukelandsvegen i Bygstad i Gaular kommune har ein traktor sklidd av vegen og ned i ei grøft, melder politiet.

Føraren, ein mann i 30-åra, kom seg ut av traktoren og seier at han er ok, men likevel «noko forslått«.

Det er glatt veg i området, og litt lekkasje av diesel etter uhellet, melder politiet på Twitter.

Klokka 05.27 melder politiet at polti og brannfolk har kome fram til staden, og at det ikkje er behov for ambulanse.

Glatt på sidevegane

SIDEGATE: Slik såg det ut i ei sidegate i Storehagen i Førde klokka 06 onsdag.

SIDEGATE: Slik såg det ut i ei sidegate i Storehagen i Førde klokka 06 onsdag. Foto:

Veromslaget har ført til at isen har «slått opp» i vegbana mange stader.

Spesielt utsett er det på sidevegane.

I Førde sentrum møtte Firda Jan Ove Hafstad klokka 06. Han strør til forretningsdrivande.

– Eg var tidleg opp og ser at det er glatt mange stader, spesielt på mange sidevegar, fortel Hafstad.

Strør i byggefelta

Teknisk vakt i Førde kommune, Egil Gjelsvik, fortel at dei sette i gang strøing i sekstida onsdag morgon.

Det er spesielt glatt i byggefelta og i bakkane.

– Det er isen som slår opp frå telen. Slikt skjer når det er vêromslag, seier Gjelsvik.

– Har du noko råd til trafikantane?

– Køyr forsiktig.



Artikkeltags