Fekk 8000 i bot for manglande bombrikke

Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFERDSEL: Sju førarar fekk gebyr i Statens vegvesen sin kontroll på Nordfjoreid på tysdag.

DEL

I morgontimane på tysdag hadde Statens vegvesen vegkontroll på Nordfjordeid i Svelgen og på Davik. Totalt var 224 køyretøy inne på kontrollplassane. Av desse blei 47 tekne til side for nærare kontroll, melder Statens vegvesen.

8000 i gebyr

Sju førarar fekk gebyr. Ein lastebil hadde ikkje gyldig bombrikkeavtale og fekk 8000 kroner i gebyr. Ein annan lastebilførar fekk 1000 kroner i gebyr for å ikkje ha tilstrekkeleg med kjetting. 

Mangla vognkort eller førarkort

Fire førarar mangla anten vognkort eller førarkort, og to førarar fekk bruksforbod som blei retta før vidare køyring.

Alle dei 224 blei kontrollert for bilbeltebruk, og alle hadde bilbelte på.

Artikkeltags