– Vi får mange meldingar om glatte vegar på hovudvegnettet i store delar av region vest, opplyser Statens vegvesen, vegtrafikksentralen i vest.
Bil utfor vegen i Gaular
Vegtrafikksentralen har varsla alle aktuelle entreprenørar og dei melder tilbake at dei no har alt av tilgjengeleg mannskap ute for å sette i gang tiltak.
Ifølge politiet køyrde ein bil av vegen ved Døskeland i Gaular om lag klokka 03.15 i natt. Personen vart ikkje skadd. Bilen blir henta i dag og trafikken går som normalt.
Køyrde av vegen i Svelgen
Ein 24 år gammal mann køyrde utfor vegen i Svelgen like før klokka sju søndag morgon. Bilen sklei av vegen og sjåføren kom uskadd frå hendinga. Det er meldt om glatt vegbane i område. Ifølge politiet er bilen flytta og trafikken går som normalt.
Det er også meldt om utforforkøyringar og glatte vegbaner andre stadar på Vestlandet. Blant anna har ein bil sklidd av vegen på Sotra.