Ut å køyre i jula? Sjekk når tunnelarbeidet tek juleferie

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto Foto:

Tunnelarbeid og ventetider kan irritere mange. No i jula tek arbeidet med å ruste opp tunnelar i Region Vest ein pause. Men når dei stoppar arbeidet, og når dei startar opp igjen, er ulikt.

DEL

NORDHORDLAND: Etter nyttår tek i Vestland fylkeskommune over oppgraderingsprosjekta på fylkesvegar. Statens vegvesen held fram med å ruste opp tunnelane på riks- og europavegane.

Fv. 55 Vadheimstunnelen

Arbeidet stoppar laurdag 21. desember kl. 0600, og startar opp igjen etter nyttår måndag 6. januar kl. 0700.

E39 Matrebergtunnelen og Trodaltunnelen

Arbeidet stoppar om morgonen fredag 20. desember og startar igjen måndag 6. januar om kvelden.

E16 Arnanipatunnelen

Går av skift om morgonen fredag 20. desember og startar igjen torsdag 2. januar om kvelden.

E39 Håklepptunnelen

Går av skift om morgonen fredag 20. desember og startar igjen måndag 6. januar om kvelden.

E39 Hoptunnelen og Nesttuntunnelen

Tek ferie fredag morgon 20. desember og startar igjen måndag 6. januar om kvelden.

E16 Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen

Går av skift om morgonen fredag 20. desember og startar igjen søndag 5. januar om kvelden.

E16 Langhelletunnelen og Beitlatunnelen

Ferie veke 52 og 1. Anlegget stenger frå fredag 20. desember kl. 0600. Det blir noko sluttarbeid etter nyttår.

Rv. 15 Strynefjellet

Arbeidet i tunnelane på Strynefjellsvegen vart avslutta for ferien måndag 16. desember. Oppstart etter nyttår vert måndag 6. januar kl. 0700.

Fv. 57 Lyngfjelltunnelen

Kontraktsarbeidet er inne i siste fase, og entreprenøren er i gang med sluttarbeidet for å ferdigstille tunnelen. Det kan difor bli noko arbeid her på kvardagane i romjula.


Artikkeltags