– Om du ikkje har vinterdekk, la bilen stå

KALDT: Dette bilde er henta frå eit webkamera i Aarbergsdalen. Det viser salta vegbane. Men ver obs. Det kan fort bli glatt nokre stader likevel.

KALDT: Dette bilde er henta frå eit webkamera i Aarbergsdalen. Det viser salta vegbane. Men ver obs. Det kan fort bli glatt nokre stader likevel. Foto:

Rådet kjem frå Vegtrafikksentralen Vest, som melder om glatte vegar rundt om i fylket.

DEL

– Det er vinter no og det er forholdsvis kaldt, så om du ikkje har vinterdekk, la bilen stå, seier Jan Erikstad i Vegtrafikksentralen.

Vegtrafikksentralen melder om fleire mindre trafikkuhell i Måløyområdet, og generelt glatte vegar rundt om i fylket.

– Når det er kaldt slik det er no, så er det glatt.

Vêrmeldinga tyder på at det kalde vêret vil halde fram nokre dagar, utan at det er meldt nedbør.

– Avpass farten til forholda

– Det viktigaste er å avpasse farten til køyreforholda. Ein god del vegar er jo salta, men ein kan ikkje stole på at det ikkje er glatt, trass i at det er salta, seier Erikstad, og legg til:

– Ein kan ikkje gå ut ifrå at det ikkje er frose i ein sving her og der. Det skal ikkje mykje til om det er glatt i ein sving.

Han seier at det på ein måte er det betre at det er skikkeleg kaldt, då ser folk det er glatt når dei går inn i bilen sin. Ofte blir det problem når det ikkje er kaldt, men glatt likevel. Då kan folk bli overraska over køyreforholda, og då skjer ofte ulykker.

Artikkeltags