Har kansellert alle flygingar til og frå Nordsjøen

Equinor opplyser at vêret er årsaka til at alle dagens turar er kansellerte.

DEL

BA: Den første planlagde avgangen onsdag morgon klokka 07 vart kansellert. Det gjeld òg dei resterande 43 avgangane for resten av dagen, fram til klokka 23. 55 onsdag kveld, ifølge heliport.no.

Heller ingen som skulle med ein av dei 44 planlagde flygingane frå plattformene i Nordsjøen får komme heim igjen onsdag.

LES OGSÅ: Brannvesenet forbereder seg på ekstremvêr

– Lyn, tore og tåke

Morten Eek, pressekontakt i Equinor, opplyser til BA at kanselleringane kjem av lyn og tore, og dessutan tåke som er i ferd med å sige inn.

– Det har gått ei flyging i dag. Det vil seie at 35 av våre 36 flygingar er kansellerte til og frå Bergen, seier Eek.

No ventar altså totalt 570 personar på å komme seg på jobb, og tilsvarande 570 ventar på å komme seg inn til fastlandet.

– Vi jobbar no med eit flyprogram for i morgon, og då vil det nok bli ekstraturar og eit betydeleg etterslep, opplyser pressekontakten.

Det er kansellert totalt 50 flygingar i Bergen, Florø og Stavanger. Dermed er det no totalt 1590 personar som enten ventar på å komme heim, eller komme seg ut til Nordsjøen på jobb.

LES OGSÅ: Farevarsel: Venter store nedbørsmengder på kort tid

Går ikkje utover drifta

Det er så langt ikkje komme tilbakemeldingar om at dette påverkar drifta på plattformene.

– Men det er klart det er kjedeleg for dei som enten skulle heim eller på jobb i dag. Men sånn er det dessverre når vêret tilseier at vi må innstille.

Fullbooka hotell

BA har vore i kontakt med alle hotella rundt Flesland, og kvart einaste hotell er fullbooka.

Også ved ein del av hotella i Bergen sentrum er det ikkje mogleg å få seg eit rom.


Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags