To bilar kolliderte i kryss på E39

Ei kvinne er sendt til Førde sentralsjukehus for sjekk, opplyser politiet.

DEL

Klokka 08.30 fekk Vest politidistrikt melding om ei front mot front-ulukke i krysset mellom Kleivedammen og E39.

Det var to bilar og totalt tre personar involvert i hendinga, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit før 09.30.

– Naudetatane har vore på staden og bilbergar er bestilt. Bilane har fått nokre skadar, men det skal ikkje vere snakk om lekkasjar. Ein kvinneleg bilførar klaga over smerter i hovudet og er sendt til Førde sentralsjukehus for sjekk, seier Kolltveit.

Kva som er årsaka til ulukka er førebels ikkje kjent.

Artikkeltags