Ny rapport foreslår å fjerne bompengar, ferjebillettar og bilavgifter

Av

Transportøkonomisk institutt (TØI) meiner eit system for allmenn vegprising bør erstatte bompengar og dei aller fleste bilavgiftene.

DEL

I forslaget blir det lagt opp til at kvar enkelt bil må ha ei elektronisk brikke som registrerer kvar tur og tel talet på kilometer bilen køyrer og kvar.

Konsekvensen er ifølgje TØI at bilkøyring på landsbygda blir billegare, medan det blir dyrare å køyre i byane, melder NRK.

– På bygda vil vegprisinga ifølgje forslaget bety ei avgift på rundt 20 øre per kilometer. I byane må vi rekne med at det kostar 4–5 kroner kilometeren i rushtida, seier forskar Lasse Fridstrøm i Transportøkonomisk institutt til NRK.

Forslaget går ut på at bompengar, ferjebillettar og dei aller fleste bilavgiftene skal erstattast av allmenn vegprising.

I forslaget skriv TØI at ei «basiskilometeravgift» på 20 øre ville vere tilstrekkeleg for bensin-, diesel- og elbilar. I rapporten definerer TØI klimagassutslepp, lokal forureining, vegslitasje, støy, trafikkulykker og tidstap på grunn av kø som «ulemper».

I rapporten heiter det at ulempene med bilkøyring i spreiddbygde område er små. I rushtida i byane er ulempa ifølgje TØI 20 gonger så stor som på landsbygda.

– Her er det mykje å vinne på å kutte trafikktoppane og redusere støyen, og dessutan avgrense luftforureininga, særleg på kalde og tørre vinterdagar, står det i rapporten

Artikkeltags