Vind skapar problem for hurtigbåten mellom Bergen og Nordfjord

DEL

Morgonruta frå Bergen til Selje vil stoppe i Florø klokka 11.30 grunna dårlege vêrforhold. Stoppestadene Smørhamn, Leirgulen, Måløy og Selje går ut. Desse blir også borte frå ettermiddagsruta, der båten vil ha avgang frå Florø kl. 17.00.


Norled melder klokka 09.10 at båten frå Selje som no er på veg til Bergen blir om lag ein halvtime forseinka på grunn av vêret. Etter ruta skulle båten vore framme i Bergen kl. 11.50.

Fjord1 melder også at Kystvegekspressen Måløy – Florø ikkje vil stoppe i Smørhamn i dag. Den skulle ha vore innom Smørhamn klokka 11.20, men på grunn av mykje vind og dårleg vêr legg den ikkje til kai i dag.

Artikkeltags