Uvêr og straumbrot stoggar ferja mellom Måløy og Oldeide

DEL

Uvêr stoggar ferjeavgangane frå Måløy til Oldeide. Ferja frå Husevågøy klokka 09.25 og klokka 10.40 blei innstilt i dag grunna vêrforholda, melder Fjord 1.

Klokka 13.26 melder Fjord1 at Måløy-Oldeide-sambandet er innstilt inntil vidare på grunn av vêrforholda.

Sogn og Fjordane Energi opplyser området frå Gangsøy til og med Husevåg har vore utan straum sidan klokka 08.30 i dag.

Artikkeltags