Fleire ferjesamband er innstilte

DEL

Ferja mellom Stårheim og Isane på fylkesveg 614 har vore innstilt no i føremiddag. Årsaka er at det er så kraftig vind at det ikkje var mogleg å legge til kai ved Stårheim. No melder Fjord1 at ferjesambandet kjem i drift igjen frå klokka 12.00.

Statens vegvesen melder også at ferjestrekninga Vangsnes – Dragsvik er stengt på grunn av uvêr. Problemet er at det ikkje går an å legge til kai ved Vangsnes på grunn av uvêret. Ferja vil gå mellom Dragsvik og Hella, men får endra avgangstider.

Artikkeltags