Alle vegane i Sunnfjord er opna igjen - framleis stengde vegar i Sogn

DEL

Fleire vegar i fylket er framleis stengde på grunn av rasfare. Andre stader har det gått ras.

Klokka 12.00 var desse vegane stengde:

RV 13 Vikafjellet. Stengt på grunn av uvêr og flaum. Ny vurdering klokka 12.00

FV 5600 Arnafjord – Vikøyri. Stengt på grunn av fare for ras. Ny vurdering klokka 16.00

FV 5602 Fresvik – Feios. Stengt på grunn av steinras og fare for ras. Vegen vert ikkje opna før etter nyttår. Ny vurdering torsdag 2. januar klokka 16.00.

I tillegg er det varsla at det kan bli innført kolonnekøyring på RV 52 Hemsedalsfjellet på kort varsel.

Desse vegane har opna igjen:

FV 5730 Lakshammartunnelen i Gloppen. Manuell dirigering på grunn av oppryddingsarbeid.

Fylkesveg 53 Tyin-Årdal vart opna for trafikk klokka 08.30. Men Statens vegvesen melder at vegen kan bli stengt igjen på kort varsel.

FV 5722 Storesunde – Flo. Opna for trafikk klokka 09.00

FV 5723 Bødal - Loen. Opna for trafikk klokka 09.00

FV 5724 Briksdal - Olden. Opna for trafikk klokka 09.00

FV 5754 Navelsaker – Heggja. Opna for trafikk klokka 09.00

FV 609 ved Hundsåna mellom Førde og Askvoll. Opna for trafikk klokka 09.45

Artikkeltags