Var på veg heim frå Bergen då ein bil kom rett imot: – No er det slutt, tenkte eg

HELDIG OG UHELDIG: Arnulf Elle og Marit Hammer kom frå ulykka utan avorlege skadar, men krasjen i Eikefettunnelen har endra korleis dei ser på livet.

HELDIG OG UHELDIG: Arnulf Elle og Marit Hammer kom frå ulykka utan avorlege skadar, men krasjen i Eikefettunnelen har endra korleis dei ser på livet. Foto:

TRAFIKK: Marit Hammer og Arnulf Elle hamna i ein alvorleg kollisjon 2. desember. Dei trur ein rask reaksjon og airbagane i bilen er grunnen til at dei framleis er i live.

DEL

– Marit hadde snudd seg for å hente noko frå ei veske i baksetet. Då såg eg ein raud Tesla køyrande rett i mot oss. No er det slutt, tenkte eg.

Det seier Arnulf Elle, som bur i Dale med kona Marit Hammer. Dei hadde vore i Bergen på besøk hos borna og barneborna sine. På søndagen var dei på veg heim igjen til Dale i Fjaler.

I Eikefettunnelen på E39, rundt 50 minuttars køyring før ferja mellom Oppedal og Lavik, hamna dei i ein kollisjon der tre bilar var involvert.

Då Arnulf Elle såg den raude Teslaen komme rett i mot dei, handla han på instinkt og køyrde rett i tunnelveggen.

Airbagane løyste ut og då bilen endeleg stoppa på feil side av vegen sat dei att i bilen i nokre sekund i sjokk.

Bilen fylte seg med røyk

– Eg måtte sjå om ho var bevisst, så eg dulta til ho. Bilen fylte seg med røyk, og i alt kaoset trudde eg bilen brann så eg skreik at vi måtte komme oss ut, seier Elle.

Då han kom seg ut av bilen, styrta han bort for å hjelpe kona ut. Ho hadde komme seg ut sjølv, og dei sette seg begge på fortauskanten i tunnelen.

– Alt dette inne i ein tunnel. Det var ei marerittoppleving, seier Marit Hammer.

Elle skildrar røffe sekund, då han skjønte at det kom til å ende med kollisjon.

– Eg skjønte kva som kom til å skje då eg såg bilen komme mot oss. Eg tenkte vi kom til å stryke med, seier Elle.

Sjølv om han svinga bilen inn i tunnelveggen, trefte Teslaen bilen deira på venstre side av fronten. Bilen deira vart kasta rundt etter kollisjonen.

TOTALVRAK: Slik såg Teslaen ut etter kollisjonane.

TOTALVRAK: Slik såg Teslaen ut etter kollisjonane. Foto:

Etter at ekteparet sin bil vart treft, gjekk Teslaen vidare og kolliderte front mot front med ein Volvo som kom bak dei. I Volvoen var det tre ungar og ein vaksen person frå Florø. Ei jente på seks år i Volvoen vart hardast skadd i ulykka. Ho hadde brotskader og vart innlagt på Haukeland etter ulykka. Personen i Teslaen kom unna med lettare skadar.

– Teslaen sin fart blei bremsa veldig ned av krasjet med oss, det gjorde nok til at det ikkje gjekk så ille som det kunne ha gått med Volvoen. Det er veldig bra, for der var det jo ungar om bord, seier Hammer.

Dei to seier dei hadde hatt ei triveleg helg i Bergen med born og barneborn og ante ingen fare på veg heim til Dale.

– Eg har køyrt millionar av kilometer med bil i mitt liv, og så kjem noko slikt ut av ingenting. Det er ein merkeleg følelse. Men ein kan ikkje tenke slik. Då blir ein redd for å leve, seier Elle.

Han og kona meiner dei har vore veldig heldige.

– Vi har oppdaga kor skjørt livet er, seier Hammer.

Redda av airbagane og rask reaksjon

Dei meiner det er lite sannsynleg at dei hadde overlevd om airbagane ikkje hadde vore der.

– Eg var forbausa over kor mange airbagar der var. Dei går rundt heile innsida av bilen, seier Elle.

Men tida frå airbagane løyste ut, til bilen stoppa, hugsar verken Elle eller Hammer.

– Det er heilt blankt. Eg hugsar ingenting etter airbagane. Eg hugsar frå bilen stoppa og lufta gjekk ut av airbagane, men hugsar ingenting om at dei slo ut eller noko som helst frå dei sekunda. Samstundes var nok det sekundet eg bestemte meg for å køyre i tunnelveggen avgjerande for korleis det gjekk med oss, seier Elle.

Eit stort sjokk

Dei kom begge ifrå det utan store skadar, men dei seier det har vore eit stort sjokk.

– Eg kunne ikkje lukke auga, for då såg eg tunnelveggen komme i mot meg, måtte halde meg vaken, seier Hammer om dagen krasjet skjedde.

Hammer seier at dei no har komme over det verste.

– Vi fekk veldig omsorg frå alle som stoppa. Folk kom og hjelpte oss, og trøysta oss. Eg hugsar nokon kom til meg og la eit pledd over meg, seier Hammer.

Dei kunne ikkje ha vore meir nøgd med helsevesenet, ambulansetenesta og politiet.

– Det var så flott korleis det stelte med oss. Det føltes som vi var på Haukeland kort tid etterpå, og då vi kom på sjukehuset fekk kvar av oss som var med i krasjet, kvar sin sjukepleiar, seier Hammer.

– Veldig godt organisert og veldig dyktige folk, seier Elle.

Familie og vener har hjelpt

Paret meiner alle har vore hjelpsame etter ulykka. Broren til Elle kom heilt frå Oslo for å hjelpe, og lokalfolk var i huset deira og hjelpte dei i dagane dei kom heim frå sjukehuset.

– Det første ein føler er at ein set større pris på å leve. Vi er no meir bevisste på å leve eit godt liv i lag, som mann og kone. Det er veldig mange ting ein fresar seg opp for i kvardagslivet som eigentleg berre er bagatellar. Eg set enorm pris på å vere i live, seier Elle.

Artikkeltags