Mann i 30- åra sat fastklemt i trafikkulykke på riksveg 15

DEL

Siste: Klokka 17. 24 melder Vest politidistrikt at føraren av bilen, ein mann i 30- åra, er hjelpt laus og er ute av bilen. Han er bevisst og er teken hand om av helse. Den andre personen har nokre smerter, men er elles i ok form.

Klokka 18.07 melder politiet at vegen no er opna att.

Politiet melder at det har vore ei trafikkulykke like ved ferjekaia på Stårheim. Ulykka skjedde klokka 16.10 fredag ettermiddag.

Brannvesen og ambulanse er klokka 16.35 på staden og politiet er på veg. Riksveg 15 er stengd ved ulykkesstaden.

Det er to personar involvert i ulykka. Den eine skal ha kome seg ut av bilen for eiga hand, medan den andre er fastklemd etter ulykka.

Det blir no jobba med å frigjere vedkommande.

– Personen skal vere bevisst, men vi veit ikkje noko meir om skadeomfanget, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til Firda.

Informasjonen politiet sit med, er at bilen skal ha køyrd i fjellveggen.

Artikkeltags