Bilførar køyrt til legevakt etter utforkøyring

UTFOR VEGEN: Ein bil hamna tysdag føremiddag utfor vegen i Angedalen i Førde.  Det var svært glatt på staden der utforkøyringa skjedde.

UTFOR VEGEN: Ein bil hamna tysdag føremiddag utfor vegen i Angedalen i Førde. Det var svært glatt på staden der utforkøyringa skjedde. Foto:

Utforkøyringa har skjedd i Angedalen i Førde.

DEL

Politiet melde klokka 10.30 tysdag føremiddag at ein bil hadde køyrt utfor vegen ved Furebø Angedalsvegen i Førde. Ein politipatrulje var då på veg til staden.

Utforkøyringa har skjedd på ei rett strekke.

– Bilen har mista kontroll og sklidd av vegen. Den har sklidd om lag 30 meter, seier innsatsleiar Gunnar Englund til Firda sin journalist på staden.

Bilføraren er ei kvinne i midten av 20-åra.

– Det har ikkje vore andre bilar involverte i ulykka, seier Englund.

Han legg til at det ikkje er glatt, men at det er mykje slaps i vegen.

Bilen har fått mindre materielle skader.

Artikkeltags