Bil hamna på taket i Vågsøy

Det har ikkje vore mistanke om rus.

DEL

Litt over halv eitt natt til laurdag fekk politiet melding om ein bil som har snurra rundt og landa på taket ved Raudeberg i Vågsøy.

– Bilen låg midt i vegbana på riksveg 15, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Det var to menn i 20-åra i bilen, som begge klarte å komme seg ut. Ein av dei klaga over smerte i lår og bryst.

– Dei vart sett til av ambulansepersonell på staden, men ikkje tatt med vidare. Det var det ikkje behov for, seier Kolltveit.

Politiet har ingen mistanke om at førar har vore påverka.

– Teorien er at dei har komme litt for langt ut og treft ein støypekant, og dermed tippa rundt, seier Kolltveit, som også fortel at bilen har blitt henta av bilbergar.

Det vil bli oppretta sak på hendinga.

Artikkeltags