Lettare skadde etter kraftig frontkollisjon i Bremanger

Artikkelen er over 2 år gammel

ULYKKE: To personar blei sende til sjukehus etter ein frontkollisjon i Myklebustdalen onsdag. Torsdag melde Helse Førde at dei er lettare skadde.

DEL

To bilar krasja onsdag ettermiddag på fylkesveg 614 i Myklebustdalen i Bremanger. Det melde Vest politidistrikt klokka 16.25. Naudetatane er på veg.

Det var to personar i kvar bil. Alle kom seg ut av bilane etter kollisjonen.

Torsdag kveld melde Helse Førde AMK om at begge dei to personane kom frå ulykka med berre lettare skadar.

Fire sende ambulanse

– Alle fire klaga på smerter, i rygg og bryst, opplyste operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt onsdag.

Alle dei fire blei onsdag sende vekk med ambulanse, men skadeomfanget var då uvisst. To av dei blei sende til lokal legevakt, og to blei sende til sjukehus.

Ifølge Rebnord var det snakk om ein kraftig frontkollisjon.

Store materielle skadar

– Det er store materielle skadar på begge bilane, sa han onsdag.

Klokka 17.30 hadde politiet gjennomført avhøyr av vitne på staden, og var i gang med åstadsundersøkingar.

Vegen var eit stund stengd etter ulykka, men klokka 18.00 melde Vegtrafikksentralen at det var manuell dirigering på staden. Dei informerte då om at vegen igjen kunne bli stengd på grunn av kort varsel, på grunn av bilberging.

Retting: Firda skreiv først at ulykka skjedde i Gloppen, men det rette er at den skjedde i Myklebustdalen i Bremanger.

Artikkeltags