57-åring omkom i Lærdalstunnelen

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Politiet melder tysdag føremiddag at det var 57 år gamle Valborg Heløy, busett i Skjolden, som omkom i massekollisjonen som skjedde søndag kveld.

10 personar var involvert i ulukka, då ein personbil kolliderte med ein møtande buss i Lærdalstunnelen. To bilar som kom bak bussen krasja i kvarandre då bussen bråstoppa.

Politiet stadfesta klokka 19.28 søndag kveld at føraren av personbilen som kolliderte med bussen var omkommen.

Artikkeltags