Vegen er open igjen etter trafikkulykke mellom Leirvik og Lavik

Tre bilar i kollisjon mellom Lavik og Leirvik.

DEL

SISTE: Klokke 09.50 melder politiet at bilane er fjerna og at vegen no er open for fri ferdsel.

Politiet melder om ei trafikkulykke på fylkesveg 607 mellom Lavik og Leirvik.

– Det er ein påkøyrsel bakfrå der tre køyretøy er involverte, melder politiet på Twitter.

Det er ikkje meldt om personskade. Naudetatane er på veg til ulykkesstaden klokka 08.30

Statens vegvesen melder at fylkesveg 607 er stengt.

Etter at politiet kom fram til staden opplyser dei at alle dei tre bilførarane er blitt undersøkte av helsepersonell på staden, og at alle er uskadde.

Airbagen på ein av personbilane er utløyst. Bilen har store materielle skader.

Artikkeltags